haglstormen i Perth.

17 04 2010

Eg sat på bussen med Tord då haglstormen slo delar av Perth, spesiellt slo den ned i mitt område og områda rundt. Var hagl på størrelse med eple som knuste bilruter på dei fleste bilane som ikkje stod under tak, og om vindauga ikkje vart knust så blei iallefall bilen kraftig bulka. Rav som eg bur med sprang 200meter frå butikken og heim i leiligheta og kom heim med blåmerke på hender og armar etter han sprang med henda over hovudet heim! Då Tord og eg sprang frå bussen var det flaum i veiane allerede sjølv om stormen berre hadde pågått i 10minutt, eg mysta skoen fleire gongar då me sprang, Tord mista solbrillene sine, men me kunne ikkje gje anna enn å le for herregud for ei oppleving det var å få detta med seg!
Desverre får eg ikkje til å lasta opp min eigen film (som vise veldig bra omfanget av haglet) men skulen har lagt ut ein liten film på si side om det, :
her er linken


trykk på bildene for å sjå dei større.





australia 2010

15 04 2010

Nokre bilder til han far og ho mor heima i Noreg! :-) skal prøva å få skrive litt og holdt deko oppdatert og snart! sorry at det kom litt seint detta!





hompetitten hompetatten hompetittenteia!

17 03 2009

Ja så var det denne turen ut på byen eg skulle då, kvelden starta med å spy på restauranten, etterfølgande av diare og slik fortsatte natta, så kvelden vart ung for meg dessverre, og utelivet i La Paz er ei erfaring eg framleis mangler. Etter ei ganske så søvnlaus natt og over eit døgn uten ein matbit måtte eg ty te drittprøve…bokstaveleg talt… så nokre stakkarar fekk analysera den på sjukehuset i La Paz, der det då viste seg at eg hadde fått ekoli! Tjohei! Men var heldigvis berre dårlig i magen nokre dagar og ellers har det gått kjempefint både før og etter den helga! ☺
Mykje har skjedd siden La Paz! Rett og slett ein rundtur i Bolivia har skjedd!
På mandags morgon reiste me tidleg av gårde til landsbygda Kilima med ein svært hyggelig mann frå det området som heiter Calixto. Kilima er ei landsbygd som tidlegare ikkje har hatt besøk av ”kvite”, og både innbyggjarane og me var spente på eit ekta interkulturelt møte. Då me kom vart me møtt med ein voldsom velkomst, med fløyte-musikk, blomsterblad dryssande over hovuda, blomsterdekorasjonar tradisjonelt knytt på ryggen, og dans innover i landsbygda. På nesten 4000m blir det fort gaaaanske så slitsomt å dansa bortover nokre kilometer, så me følte oss ikkje heilt i toppform i starten! Etter mange timar med detta pågåande, og sjølvsagt håndhelsing og klemmar med alle innbyggarane,  var det tid for mat, ein ganske så ny form for servering. Ein lang løpar vart lagt ut på bakken, 4kvinner kom med kvarsine tøyposar og helte mat nedover på løparen. Frosne poteter, ferske poteter, kylling, Kinoabrød, Kinoafrød, bønner (ein god del hundehår og diverse knask var også inkludert,..sjølvsagt uten betydning og meining?? )gudane må vite kva me faktisk åt der og då, men av rein høflighet så takker man ikkje nei i sånne møte.. Ein del prating, tolking, musikk, turgåing, presentasjon og andinske ritual var ting me fekk sjå, før det vart sein kveld og me var klare for ”senga”; rismadrasser på gulvet, lakenpose, saueskinn, pledd og 20personar trykt saman i eit rom. Minikomfirmantleir-flashback! Men koselig var det! Neste dag fekk me frukost beståande av popcorn, flatbrød og coca-te, båttur på titicacasjøen (eg rodde så eg fekk gangsperr i armen!!!!!) før turen bar vidare til Isla Del Sol (soløya) midt på Titicacasjøen på grensa til Peru.
Soløya var fantastisk, etter ein halvtimes gåtur opp ei laaaaang li (heldigvis tok esel bagasjen vår opp) kom me fram til eit nyyydelig hotell uten varmtvatn og med diverse edderkoppar på nokre jenter sine rom. Til tross for det, så var hostelet ironisk nok fantaaastisk fint! Tur opp på utsiktspunkt så me såg til Peru, båtturar og nokre utepils måtte til før me alle var soveklare rundt kl 9 etter lite soving og mange nye inntrykk i Kilima..sånn kan det gå!
Etter Isla Del Sol tok me båt til Copacabana (sing the song!!). Ein fantastisk fin liten landsby som kunne by bå ein nydelig solnedgang, inkaruiner, fin kyrkja og flotte fjell!
Så mykje på farten som me er tok me buss til la paz neste dag, nokre av oss fann ut at me ikkje kunne gå glipp av saltsjøen og bestemte oss for å ta nattbussen til Uyuni. Etter ein 12timars rally-busstur var me endeleg framme på hostellet. Ein FANTASTISK frukost med egg, fersk juice og brød venta oss og turen bar ut til  Salar de Uyuni. Me besøkte ein gravplass for tog (togene var veldig kjekke å klatre på), ein liten landsby på ca 25 familiar der dei brukte saltet til ulik produksjon. Det var masse fine souvenirer laga i salt, kjempestilig! MEN NOKEN HAR KNUST!!!(sorry til de eg egentlig hadde kjøpt gåve til ;-) )
Saltsjøen var fantastisk! Med øyer som plutselig ploppa opp, kaktusar jepp køyrande kilometervis uten anna enn salt omkring, når eg tenke meg om kan det samanliknast med hardangerviddo på ein solrik vinterdag (for å leika litt poetisk) men for dei som kjenne til det, saltsjøen var vakkert!plassen var laga for å ta stilige bilde! ☺
Ikkje fordi at me ikkje har hatt det kjekt, men ENDELEG var turen tilbake til Sucre komen og etter ca 9timars buss og taxi-køyring var me framme på hotellet att. Etter mange dagar med kun ris, poteter og kylling/kjøtt/fisk var det ganske så godt å få regelrett sluka ein sterk, salt, god pizza på restaurant Napoli og ein kjempekveld og lang natt på byn i Sucre: ”heimen vår”.
Tida for feltarbeid e begynt og i dag skal eg ha mitt fyrste intervju med ei kvinne som har våre kunde i Pro-Mujer som er ein mikrokreditt-organisasjon her i Sucre. For dei som intresserer seg skal eg skrive oppgåve om dette. Problemstillinga mi ser foreløbig slik ut;
Kor vidt kan mikrofinansiering fungere som mogleg reiskap for fattigdomsreduksjon og langsiktig utvikling i framtidige generasjoner for kunder i Pro Mujer, Sucre – Bolivia.
Problemstillinga er vid og kjem nok til å justerast på men det er noko eg intresserer meg utruleg mykje for, noko eg meinar er ein av dei beste bistandsmetodane som finst og eg gler meg utruleg til å gå djupare inn i emnet, møte forskjellige mennesker eg skal intervjue og for å lære mykje! ☺

No har de fått ei lang men ganske så kortfatta oppdatering på siste veka mi, til tross for alt det utruleg kjekka eg har opplevd, sett og hørt! Mange inntrykk å absorbera og sortera, men ikkje gløym, eg har framleis litt tankeplass til dykk som sit heima i Noreg endå, og eg tenker på deko ofte! ☺





Avføring på avveie, skumle gruver, Lange bussturer og imodium.

7 03 2009

img_0747Ein ”Morsom” ting skjedde i sucre nest siste dag før me reiste videre. Ingeborg som er med oss som ”helseleder/sjukepleier” vart rana på gata, tjuvane fekk med seg veska hennar der det låg kamera, visa, ca 500kr og ikkje minst; avføringsprøver til 4jenter som har vore sjuke (bla har ei fått ekoli og mest sansynlegvis fleire det samme.) men uansett, for ein fantastisk overraskelse det må ha vore for tjuvane å åpne ”kuppet” sitt og sjå rett opp i gjennomsiktige plastbegre med avføring oppi, haha..heldigvis klarte óg ingeborg å sjå humoren i det, heldigvis var det ikkje speglrefleksen hennar som vart mista ☺

img_0811Etter sucre tok me altså turen til Potosi, ein liten by nord for sucre. Her var me i ein dag
som bla inneholdt tur til penge-img_0810museumet,(casa de monetas) der de produserte penger i
gamle dagar til store deler av verden. Potosi var før ein av verdas største, mest produktive byer, noko man ikkje skulle tru den dag i dag. Samme dag reiste me til gruvene, noko som skulle bli ein tur med blanda følelsar. For det fyrste byrja det å regne, også ned i gruvene, der det då altså blir mykje gjørme. Fyrst måtte me klatre ned ein bratt, bratt stige, der eg allerede begynte å kjenne at eg nesten måtte hyperventilere. Etter å ha snakket litt med ho som leda oss ned i gruvene fann eg ut at eg måtte berre gå vidare nedover for å oppleve ”el tio”, som er ein av jordas/fjellets guder som gruvearbeidarane ofrer til for å be om å unngå skader, ulykker, lykke i året som kommer osv. Uansett så kom eg meg ned dit og endå litt til, det var uuuutruleg spanande, sjølv om det var sleipt, bekmørkt og trangt, e det noko eg ikkje angrer på så er det at eg gjekk ned i gruvene! det som er ganske morsomt er at det er vanlig å kjøpe gåver til gruvearbeidarane som arbeider der, f.eks coca-blader/coca-røyk og 96%sprit var vanleg, dette kjøpte då eg, men i tillegg til dette kunne man kjøpe litt dynamitt til dei, noko som egentlig er ulovleg sjølvsagt, men som alle i bolivia seier “næsj, ka er reglane til for?”, dermed var det ingen problem å springe på ein liten kiosk å kjøpe oss nokre tennhetter, ledningar, dynamitt osv. Morro :-D

img_0834

Etter ein travel dag var mange dårlige i magen grunna høgdesjuke, som i tillegg bærer med seg hovudverk osv..dermed var me ein del som var lite forberedt på ein 12timars busstur til La Paz, for å sei det enkelt og greitt; ære være imodium. Det redda turen for dei fleste og kl 7 neste morgon, etter å ha setta Titanic, sjølvsagt dubba til spansk og mykje søvn var me trygt framme i La Paz, på misjonsalliansens Casa Alianza. Dagane har gått som det suser her med eit travelt opplegg, dagane går stortsett i frå 7-8 om morgonen med undervisning/ekskursjoner/omvisning fram til kl 4 om ettermiddagen, etter dette har me gått på markedene og shoppa…( DER rauk budsjettet mitt for turen!) dagane er utruleg lange og me er som regel ikkje heima att før i 10tida, men det er verdt det, la paz er ein fin by! :-) Me har vore rundt byen og, både til El Alto og tiwanaca, som ikkje ligg så langt frå titicaca-sjøen der me skal reise på måndag. Me har vore på misjonsalliansen sine prosjekt, bla skule og helsesenter (kjempeflott arbeid!!!) og i tiwanaca var me å såg på pre-inka-ruiner som ikkje var fullt så spennande sjølv om det var jo litt intressant då! ☺ I kveld skal me ut på byn i La Paz, på karaoke av alle ting, fridag i morgo der me rekner med litt bassengmorro og soling og klargjering for å ut i bushen for å besøke nokre folk der som aldri før har hatt besøk av utlendningar, det kan jo bli spanande. Me skal bla sove i ei kyrkje, sjå diverse fester og ritualer de har og vera uten elektrisitet og vatn ei stund..som sagt..spanande!!!

img_0764





Pakke opp, Pakke ned – første del i Sucre er over!

2 03 2009

Då var tida med spanskundervisning, varme og solbrenthet (2.grads forbrenning for nokre !) over for denne gong. Turen går vidare til gruvebyen Potosi. Siden me kom forrige fredag har me hatt det utruleg kjekt her i Sucre som mange sikkert har forstått! ☺ Dei siste nyhende er mange og kjekke, me har alle blitt meir og meir kjent med spansklærarane våre, laga tradisjonell mat med dei (skal gje dykk oppskrifta, kjempegodt!!!), vore ute på byn nokre turar og TIL OG MED vore på heildags ridetur, ja mor, kan du tenka deg? EG har ridd på hest i 8timar, eg som ikkje eingong tør å ta i hestane på Frøynes har blitt glad i hestar i løpet av ein dag, forbered dykk på der på toppen av Lofthus, eg kjem te å koma jevnleg på besøk for å besøka hestane der heretter. !

Kl 10 søndags morgon forlot me byen, utstyrt med solfaktor 30, caps og vatn. Det tok si tid før eg tørte å i det heile tatt ta på hesten, og ikkje minst når eg sette meg oppå ville jo ikkje hesten- Emilia høyre på ka eg ville ha ho te å gjera.. e jo ikkje så rart, eg heiv sikkert t

øylene i hytt og pine uten mål og meining, men etterkvart vart me kjempegode venner både gjekk, trava og galopperte littegranne og eg stooorkoste meg! Dagen var kjempeflott, solrik, varm og endestasjonen var eit av dei sju fossefalla Sucre har å skryte av, men ærleg talt, det kan ikkje samanliknast med verken søtefossen, tveitafossen elle nyastølsfossen (Heia Kinsarvik), kan heller samanliknast med bekken som går over stien på veg opp te Nykkjesøy! ☺ men det var no fint vær, me koste oss og eg e klar for nokre dagar der det ikkje er så behageleg å
verken gå, sitte eller ligge på rygg…(Vond sal, auuuu…)

img_0701

img_0708

img_0697Ellers så var me ute på byn ein tur på fredag, me hadde det kjekt på det som no er blitt vår stampub i sucre – JoyRide, er blitt kjent med mange av de ansatte og får ein kjempevelkomst og avskjed når me er der, blir ikkje hyggeligare! Smaking av lokalt øl og tygging av coca-blader er sjølvsagt obligatorisk når man er i Bolivia, men det skal bli sagt at Coca-blader har absolutt ingenting med effekten av kokain å gjere (det skal gjennom ein laaaang prosess før de når dette stadiet) , bladene kan samanliknast med kaffi-bønner effektmessig. Man får meir energi og det hjelper bla mot hodepine, høgdesjuke og mange andre ting. Det smaker rett og slett gras, man legg det bak i kjeven og tygg på det og legg det deretter omtrent som snus baki kjaken. Innimellom mens man fyller på med blader blander man inn litt brusepulver og så man skal få mest mulig saft ut av bladene. Dette går dei fleste menn å tygg på og man får alt mogleg frå Coca-te til Coca-sprit til Coca-krem her. Ja, coca kan brukes til så mangt.

img_1967

Ikkje berre det, me har også nokre ekte heltinner iblant oss her, på fredag før me skulle ut å ete lunsj, fann me plutseleg ein svært så forvirra hund inne på hotellområdet, han var vettskremt, kald og skalv som eit ospelauv, ikkje berre det, han kunne heller ikkje sjå tydeligvis. Dyrebeskyttelses-siden i Hanne, Mari og Helene kom straks tydeleg fram. Etter mykje offing og klynking over den stakkarslige hunden, fekk dei den kjørt til ein veterinær, der det vart funnet ut at hunden berre var ekstremt svolten og sjuk av forkjølelse, så forkjølt at ansiktet hadde hovnet så opp at augene ikkje var mogleg å åpne, jentene betalte gladeleg medisin og cimg0727opphold for hunden – heile 130kr og var nokre ekta godhjerta samaritanere for ein dag. Dei held seg framleis oppdatert på korleis det går med hunden og viser til stadighet sin barmhjertighet når dei ser alle hundene som går å vimser rundt i Sucres gater. Flott gjort jenter!

Men no forlet me den forhåpentligvis friske hunden og sucre, fjellsekken e pakka igjen og me tek turen vidare til Potosi, deretter til La paz, deretter returnerer me tilbake til Sucre for å få gjort det me faktisk e her for; feltarbeid, noko eg gler meg utruleg mykje til og
har alleredefunnet nokre intervjuobjekt, men bør nok byrja å lesa på litteraturen til oppgåva. Men for å bruke eit litt latin-amerikansk motto; Mañana, Mañana.. Eg har nokre spennande veker i møte!

HASTA LUEGO!





Bolivia 2009

24 02 2009




me gusta viajar, me gustas tu, me gusta bolivia, me gustas tu.

24 02 2009

Helga er over – Carneval er over!
No har me vore i Sucre i fem dager og skal være her fem til før me reiser videre. Siden fredag har den sør-Amerikanske tradisjonen Carneval vore, og gjett om me har merka det! Nede i byen har det vore ville tilstander døgnet rundt og dei siste dagane vart det berre verre og verre og verre, me fekk beskjed om å ikkje gå ned i byn grunna unormalt mange berusa menneske (inkl. Taxi-sjåfører), vannballonger, skum osv.. Det kan kanskje høyres litt spesielt ut at det var masse vannballonger og skum, men dei tidlegaste dagane i Carneval då me var nede vart me dynka med harde slag av vannballonger (førte faktisk til blåmerker!!), skum i øyrer og auger og vannpistolar hit og dit, uansett kor man gikk var det eit eller anna i vente! Men kanskje me skal ta det som eit komplement at me vart så våte, det vart sagt at når ein gut hiv på ei jente er det for å vise ho kjærleik og lukke, dersom jenta tek imot ballen og hiv den tilbake svarer ho ja til guten.. så når folk kjem å sprekk ein vannballong over hovudet eller nedi nakken så  burde eg vel gjerne berre smile i staden for å hive tilbake og rette fingen? ☺  Foruten dette med vatn drikk mennene seg så usannselig fulle, me køyrde ned i byn på søndag i håp om at Carneval ikkje var på sitt verste endå, men då me køyrde gjennom paradane gjekk folk att og fram i vegane, NULL kontroll, augene var bak i nakken og visst dei plutselig kom litt te sansane og fann ut dei faktisk måtte spele på trompeten sin midt i paradetorget, vel, det verken såg eller høyrdes bra ut!!!
Men fulle folk og vatn er berre ein del av Carneval, stemninga i byen har heile tida vore høg, det er alltid musikk som  vert spelt, folk går i parader, kler seg ut og speler og syng. Det var veldig kjekt å sjå på! ☺

Våre kjære spansk- og quechua-lærarar har vore utrulege med oss siden me kom, vist oss rundt i byn, tatt oss med på carneval for å sjå paradane, forklart oss korleis byen fungerer, kva som er her osv, og sist men ikkje minst inviterte de oss til heimen sin for at me skulle få sjå det tradisjonelle inka-ritualet chailla. Mora til Tatiana (min spansklærer) viste oss og forklarte heile img_0422serimonien, etter urter og ”åndene” er lagt på kullet, les dei ut av korleis åndene ligg(dei kvite bitane) og korleis røyken formar seg, fargen på den osv korleis framtida blir. F.eks var det eit tomrom over kullet uten urter osv, dette viste at ein av oss som var med i serimonien hadde et uhell/sorg/ondhet i vente, ofte var det dødsfall/sykdom som ville være dette uhellet. Men man velger jo sjølv ka man vil tru på, dette er andinsk tru/gammel indisk tru så for oss vestlige er det jo gjerne ikkje heilt holdbart å lese ut av nokre urter korleis framtida skal bli! Men det var veldig intressant å sjå og være med på serimonien uansett.
Mandag begynte spanskundervisninga, Martine, Ingeborg og eg er på ”avansert”-gruppa, men om det var den heilt rette gruppa var vel både me som elever og læraren usikre på, jammen hadde me glømt stort sett alt av grammatikken, men skit au, me får berre arbeide hardt og repetere alt ! ☺
Som eg nevnte, så er det svært mykje alkohol inne i bildet, det gjeld stort sett alle menn – også alle som kjører bil (taxisjåfører til og med!!!) Dermed nytter politiet disse dagane til å tene seg gode penger, masse penger. Dei har masse promillekontroller, med promillemåler? Neida, her har dei to tester for å sjekke om folk har drukket alkohol.
#1: Len deg ut vinduet, sjå politimannen i augene og sei svært tydeleg ”FARFAN” med tydelig ”F”, består du denne testen og ikkje lukter alkhol på du gjennom test #2: Gå ut av bilen, stå beint med armene ut til sida og lag et fire-tal med beina. Består du begge kan du køyre videre, består du ikkje ein av testene ber politimannen deg at du må vise din ”kjærlighet” til han, enten ved å gi 20bolivianos (ca 16kr) eller på ein anna måte…… tilbyr du mindre enn 20bolivianos tek politimannen dette som ein fornærmelse og ringer gjerne forsterkningar eller auker ”bota” til høgare summer. Korrupsjon er et nøkkelord her. F.eks visst ein politimann føler han har tent seg nok penger på ein dag, men likevel ser ei trafikkulykke gidder ikkje han nødvendigvis sjekke korleis det står til med de involverte i ulykka, men snur den andre kjaken til og går sin veg, for der er det ikkje noko penger å tene. LATSKAP!

Kort oversikt over ka prisene ligg på her i Bolivia:
1bolivianos = ca 70øre.
Taxi inn i byn (opp til 5km) = mellom 5-15 BOL.
Flaske vatn/brus/juice = 5 BOL.
Sim-Kort med penger på konto = 10 BOL.
biffmiddag = 28 BOL.
hamburger m/pommes = 22 BOL.
Full middag med dessert = Ca 50 BOL.
Flaske champagne = 50 BOL.
1øl = 3,50 bolivianos.
1Mugge med øl = 30 BOL.
drinker = 10 BOL
20-pakning sigaretter = 10 BOL (kartong = 63BOL.)

Med andre ord; det meste av de tingene me kjøper mest ligg gjennomsnittlig på under 20kr, så pengar trur og håper eg ikkje skal bli noko problem på turen! ☺





Framme i Bolivia….endeleg!

20 02 2009

img_0409Her har me store deler av gjengen eg reiser med, trykt inn i ein liten minibuss med bagasje opp til øyrene pga liten plass.

dette blir eit Kort blogginnlegg..ikkje mykje nyhende å skriva om i og med eg kom i dag, svært lite spennande frå reisen sålangt..Lange flyturer, dårlig flymat, flyfilmer og laaange ventetider på flyplasser!!ajajaja… men dei fyrste bildene er tatt og fyrsteinntrykket av hovudstaden Sucre har begynt å setje seg. Etter avreise frå Bergen kl 07.30 den 19.februar kom me endeleg, etter omlag 33timars reise til Sucre, Bolivia..med ein voldsom jetleg etter vridd døgnrytme og eit døgn forskyvd med 5timer.

img_0425

hotellet vårt e utruleg fint og veldig stort, nært sentrum og snart nærmer det ser ein tur ned på kjøpesenteret for å handle nødvendig mat å ha på rommet (ergo store mengder chips, vatn og cola! Eg bur med Kari, ei kjempekjekk jenta på 24år frå Gjæren!

img_03931 Etter å ha vert på ei fly eller på ræva på ein flyplass i over 1døgn ender dette som regel med vond rompe, hovudverk…oooooogg…opphovna føtter!

img_0429

utsikt over Sucre, Hovudstaden i Bolivia. Utsikten er frå hotellet mitt og eg skal bu her de neste to/tre vekene! :-D





Norge- Bolivia – Peru – Ecuador – Norge 19.02 – 21.04.2009

17 02 2009

110px-flag_of_boliviasvgflagget til Bolivia Denna gongen går turen til Sucre, Bolivia 19februar – Lima, Peru 21.mars – og finally but not least rundt 01.april–> reiser eg åleina til “mitt andre, vakre hjem”:Guayaquil, Ecuador..Eg reiser med klassen min frå NLA til Bolivia, som består av omlag 20studentar som e reiselystne og vil bli kjent med språk, kulturar og forstå litt meir av den vetle verda me lev i..125px-flag_of_ecuador

113px-flag_of_peru_statesvgUtenom undervisning i både quechua, spansk og andre skulerelaterte ting skal me reise rundtom i landet; bla – titicaca-sjøen, santa cruz, sucre, la paz, el alto etc etc! Spanande! på slutten av oppholdet her skal me drive feltarbeid/research til ei oppgåve.. eg har valgt å skrive om mikrokreditt..noko som er eit av bistand iverda sine beste metoder for å redusere fattigdom, når oppgåveskrivinga byrjar skal eg nok skrive meir detaljert kva det gjeld, men kort forklart; lån til fattige. I oppgåva mi kjem eg til å fokusere på korleis mikrokreditt hjelper til langsiktig utvikling og fattigdomsreduksjon blant lånekundene i anten Pro Mujer, Sucre eller misjonsalliansen’s D-FRIF i La paz. UTRULEG SPENNANDE! etter dette er ein gjeng klare for å utforske lima og når ein del av studentane e reist attende til Noreg er me andre klare for MACCHU PICCHU, Peru! Noko eg gler meg utruleg mykje til!! eg meinar å hugse at inkaruinene ligg på ein av verdas sju underverk-lista???!!

Turen til Guayaquil nærmer seg med stormskritt, her skal eg endeleg få treffe mine gode venner eg fekk meg då eg budde i ecuador sist, eg skal nyte livet, bu litt rundt hjå venner, på hostel, på casa alianza, snakke MASSE SPANSK, DANSE, LE, ETE, NYTE STRANDLIVET I MONTANITA …..ALT! treng eg sei meir? eg gler meg til å komma “heim igjen” til Guayaquil…

så no endeleg…sitte eg her dagen før avreise og bør egentlig begynna å pakke snart! sitte å fundere ka i alle dagar eg bør pakke med meg, ka e vits med all denne temperaturforskjellen på turen då? burde jo fått pakka med meg 50kg IKKJE BERRE 20!!!! aarggg KLM!

Rart med detta, ingen reisenerver, skjønne ikkje heilt ka som gjer det, men dei kjem vel på flyet som dei gjorde forrige gong, alt gjekk fint til eg satt på flyet og skulle letta…reisa åleina, til eit framand land med nære og kjære som eg forlot heima..no ska eg reisa med mange andre menneske, eg forlet framleis venner i Norge, men no e eg meir sikrare på at detta kjem til å gå bra, eg reiser tilbake til noko eg kjenne, ikkje noko HEILT UKJENT som eg gjorde sist..og eg gler meg så utruleg til at spansken skal komma tilbake, for eg SKJEMST over kor mykje eg har glømt…men eg lev i håpet at det kjem raskt tilbake…





sinne og frustrasjon blanda med glede og lykke.

29 04 2008

har vore 3veker paa centro creer (handikapsenteret) no, eller minus ei veke med mageproblem saa har eg det..

forste veka kom det ca 3 av 90 born, utruleg frustrerande, kvifor kan ikkje detta landet ta seg sammen og faa ting gjort naar det skal bli gjort? 
Borna som kjem er nydelege, motivert, glade og klar for aa jobbe. men ein faar ikkje gjort saa mykje naar verken laararar eller foreldre er heilt motivert til forste start, med andre ord, starten blir utsatt ei uke til. Andre veka kommer og iallefall rundt 20/30 born mooter opp, heldigvis, me faar komt i gang.
Dagane gaar med paa bli kjent, leik og saavidt har me begynnt aa laare om fargen gul og bokstaven A.
Musikkterapi var ein stor grunn til at eg takka ja til aa komme ned her, sjolvsagt ser eg jo no at det ikkje er einaste grunnen til at eg vil vere her nede, men ja, det er noko eg verkeleg har gleda meg til.
Forste musikkterapitimen gikk ikkje heilt som forventa, etter lang leiting etter noklar fekk me endelig tak i nokre perkusjonsinstrument..eg kan lite spanske songar og forventa at leiiaren gjerne hadde eit opplegg, men nei, det meste ramla i fanget paa meg. Kva skal eg gjere? Faar slengt noter og tekst i fanget i haap om at eg skal hope sammen noko musikkterapiopplegg paa 5min..eg vart skuffa. Eg vert skuffa naar eg tenkjer paa borna, klart, dei tykkjer at alt er spanande, instrument aa slaa paa, kunne skrike, hyle og danse litt men….Likevel….De har saavidt naala i veggen og betaler tross alt for aa faa gaa paa denne skulen..Skal ikkje de som jobber der liksom gi de alt de har???…

Sykt masse folelsar ute aa gaar no rett for eg skal heim…
Maa gjerne begynne aa tenkje paa korleis i alle dagar eg skal klara aa finna ein god kombinasjon av alt naar eg skal fortelja dykk heima om kva som skjer her????








Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.