me gusta viajar, me gustas tu, me gusta bolivia, me gustas tu.
24 02 2009Helga er over – Carneval er over!
No har me vore i Sucre i fem dager og skal være her fem til før me reiser videre. Siden fredag har den sør-Amerikanske tradisjonen Carneval vore, og gjett om me har merka det! Nede i byen har det vore ville tilstander døgnet rundt og dei siste dagane vart det berre verre og verre og verre, me fekk beskjed om å ikkje gå ned i byn grunna unormalt mange berusa menneske (inkl. Taxi-sjåfører), vannballonger, skum osv.. Det kan kanskje høyres litt spesielt ut at det var masse vannballonger og skum, men dei tidlegaste dagane i Carneval då me var nede vart me dynka med harde slag av vannballonger (førte faktisk til blåmerker!!), skum i øyrer og auger og vannpistolar hit og dit, uansett kor man gikk var det eit eller anna i vente! Men kanskje me skal ta det som eit komplement at me vart så våte, det vart sagt at når ein gut hiv på ei jente er det for å vise ho kjærleik og lukke, dersom jenta tek imot ballen og hiv den tilbake svarer ho ja til guten.. så når folk kjem å sprekk ein vannballong over hovudet eller nedi nakken så burde eg vel gjerne berre smile i staden for å hive tilbake og rette fingen? ☺ Foruten dette med vatn drikk mennene seg så usannselig fulle, me køyrde ned i byn på søndag i håp om at Carneval ikkje var på sitt verste endå, men då me køyrde gjennom paradane gjekk folk att og fram i vegane, NULL kontroll, augene var bak i nakken og visst dei plutselig kom litt te sansane og fann ut dei faktisk måtte spele på trompeten sin midt i paradetorget, vel, det verken såg eller høyrdes bra ut!!!
Men fulle folk og vatn er berre ein del av Carneval, stemninga i byen har heile tida vore høg, det er alltid musikk som vert spelt, folk går i parader, kler seg ut og speler og syng. Det var veldig kjekt å sjå på! ☺
Våre kjære spansk- og quechua-lærarar har vore utrulege med oss siden me kom, vist oss rundt i byn, tatt oss med på carneval for å sjå paradane, forklart oss korleis byen fungerer, kva som er her osv, og sist men ikkje minst inviterte de oss til heimen sin for at me skulle få sjå det tradisjonelle inka-ritualet chailla. Mora til Tatiana (min spansklærer) viste oss og forklarte heile
serimonien, etter urter og ”åndene” er lagt på kullet, les dei ut av korleis åndene ligg(dei kvite bitane) og korleis røyken formar seg, fargen på den osv korleis framtida blir. F.eks var det eit tomrom over kullet uten urter osv, dette viste at ein av oss som var med i serimonien hadde et uhell/sorg/ondhet i vente, ofte var det dødsfall/sykdom som ville være dette uhellet. Men man velger jo sjølv ka man vil tru på, dette er andinsk tru/gammel indisk tru så for oss vestlige er det jo gjerne ikkje heilt holdbart å lese ut av nokre urter korleis framtida skal bli! Men det var veldig intressant å sjå og være med på serimonien uansett.
Mandag begynte spanskundervisninga, Martine, Ingeborg og eg er på ”avansert”-gruppa, men om det var den heilt rette gruppa var vel både me som elever og læraren usikre på, jammen hadde me glømt stort sett alt av grammatikken, men skit au, me får berre arbeide hardt og repetere alt ! ☺
Som eg nevnte, så er det svært mykje alkohol inne i bildet, det gjeld stort sett alle menn – også alle som kjører bil (taxisjåfører til og med!!!) Dermed nytter politiet disse dagane til å tene seg gode penger, masse penger. Dei har masse promillekontroller, med promillemåler? Neida, her har dei to tester for å sjekke om folk har drukket alkohol.
#1: Len deg ut vinduet, sjå politimannen i augene og sei svært tydeleg ”FARFAN” med tydelig ”F”, består du denne testen og ikkje lukter alkhol på du gjennom test #2: Gå ut av bilen, stå beint med armene ut til sida og lag et fire-tal med beina. Består du begge kan du køyre videre, består du ikkje ein av testene ber politimannen deg at du må vise din ”kjærlighet” til han, enten ved å gi 20bolivianos (ca 16kr) eller på ein anna måte…… tilbyr du mindre enn 20bolivianos tek politimannen dette som ein fornærmelse og ringer gjerne forsterkningar eller auker ”bota” til høgare summer. Korrupsjon er et nøkkelord her. F.eks visst ein politimann føler han har tent seg nok penger på ein dag, men likevel ser ei trafikkulykke gidder ikkje han nødvendigvis sjekke korleis det står til med de involverte i ulykka, men snur den andre kjaken til og går sin veg, for der er det ikkje noko penger å tene. LATSKAP!
Kort oversikt over ka prisene ligg på her i Bolivia:
1bolivianos = ca 70øre.
Taxi inn i byn (opp til 5km) = mellom 5-15 BOL.
Flaske vatn/brus/juice = 5 BOL.
Sim-Kort med penger på konto = 10 BOL.
biffmiddag = 28 BOL.
hamburger m/pommes = 22 BOL.
Full middag med dessert = Ca 50 BOL.
Flaske champagne = 50 BOL.
1øl = 3,50 bolivianos.
1Mugge med øl = 30 BOL.
drinker = 10 BOL
20-pakning sigaretter = 10 BOL (kartong = 63BOL.)
Med andre ord; det meste av de tingene me kjøper mest ligg gjennomsnittlig på under 20kr, så pengar trur og håper eg ikkje skal bli noko problem på turen! ☺
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Uncategorized
Framme i Bolivia….endeleg!
20 02 2009
Her har me store deler av gjengen eg reiser med, trykt inn i ein liten minibuss med bagasje opp til øyrene pga liten plass.
dette blir eit Kort blogginnlegg..ikkje mykje nyhende å skriva om i og med eg kom i dag, svært lite spennande frå reisen sålangt..Lange flyturer, dårlig flymat, flyfilmer og laaange ventetider på flyplasser!!ajajaja… men dei fyrste bildene er tatt og fyrsteinntrykket av hovudstaden Sucre har begynt å setje seg. Etter avreise frå Bergen kl 07.30 den 19.februar kom me endeleg, etter omlag 33timars reise til Sucre, Bolivia..med ein voldsom jetleg etter vridd døgnrytme og eit døgn forskyvd med 5timer.

hotellet vårt e utruleg fint og veldig stort, nært sentrum og snart nærmer det ser ein tur ned på kjøpesenteret for å handle nødvendig mat å ha på rommet (ergo store mengder chips, vatn og cola! Eg bur med Kari, ei kjempekjekk jenta på 24år frå Gjæren!
Etter å ha vert på ei fly eller på ræva på ein flyplass i over 1døgn ender dette som regel med vond rompe, hovudverk…oooooogg…opphovna føtter!

utsikt over Sucre, Hovudstaden i Bolivia. Utsikten er frå hotellet mitt og eg skal bu her de neste to/tre vekene!
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Uncategorized
Norge- Bolivia – Peru – Ecuador – Norge 19.02 – 21.04.2009
17 02 2009
Denna gongen går turen til Sucre, Bolivia 19februar – Lima, Peru 21.mars – og finally but not least rundt 01.april–> reiser eg åleina til “mitt andre, vakre hjem”:Guayaquil, Ecuador..Eg reiser med klassen min frå NLA til Bolivia, som består av omlag 20studentar som e reiselystne og vil bli kjent med språk, kulturar og forstå litt meir av den vetle verda me lev i..
Utenom undervisning i både quechua, spansk og andre skulerelaterte ting skal me reise rundtom i landet; bla – titicaca-sjøen, santa cruz, sucre, la paz, el alto etc etc! Spanande! på slutten av oppholdet her skal me drive feltarbeid/research til ei oppgåve.. eg har valgt å skrive om mikrokreditt..noko som er eit av bistand iverda sine beste metoder for å redusere fattigdom, når oppgåveskrivinga byrjar skal eg nok skrive meir detaljert kva det gjeld, men kort forklart; lån til fattige. I oppgåva mi kjem eg til å fokusere på korleis mikrokreditt hjelper til langsiktig utvikling og fattigdomsreduksjon blant lånekundene i anten Pro Mujer, Sucre eller misjonsalliansen’s D-FRIF i La paz. UTRULEG SPENNANDE! etter dette er ein gjeng klare for å utforske lima og når ein del av studentane e reist attende til Noreg er me andre klare for MACCHU PICCHU, Peru! Noko eg gler meg utruleg mykje til!! eg meinar å hugse at inkaruinene ligg på ein av verdas sju underverk-lista???!!
Turen til Guayaquil nærmer seg med stormskritt, her skal eg endeleg få treffe mine gode venner eg fekk meg då eg budde i ecuador sist, eg skal nyte livet, bu litt rundt hjå venner, på hostel, på casa alianza, snakke MASSE SPANSK, DANSE, LE, ETE, NYTE STRANDLIVET I MONTANITA …..ALT! treng eg sei meir? eg gler meg til å komma “heim igjen” til Guayaquil…
så no endeleg…sitte eg her dagen før avreise og bør egentlig begynna å pakke snart! sitte å fundere ka i alle dagar eg bør pakke med meg, ka e vits med all denne temperaturforskjellen på turen då? burde jo fått pakka med meg 50kg IKKJE BERRE 20!!!! aarggg KLM!
Rart med detta, ingen reisenerver, skjønne ikkje heilt ka som gjer det, men dei kjem vel på flyet som dei gjorde forrige gong, alt gjekk fint til eg satt på flyet og skulle letta…reisa åleina, til eit framand land med nære og kjære som eg forlot heima..no ska eg reisa med mange andre menneske, eg forlet framleis venner i Norge, men no e eg meir sikrare på at detta kjem til å gå bra, eg reiser tilbake til noko eg kjenne, ikkje noko HEILT UKJENT som eg gjorde sist..og eg gler meg så utruleg til at spansken skal komma tilbake, for eg SKJEMST over kor mykje eg har glømt…men eg lev i håpet at det kjem raskt tilbake…
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Uncategorized