me gusta viajar, me gustas tu, me gusta bolivia, me gustas tu.

24 02 2009

Helga er over – Carneval er over!
No har me vore i Sucre i fem dager og skal være her fem til før me reiser videre. Siden fredag har den sør-Amerikanske tradisjonen Carneval vore, og gjett om me har merka det! Nede i byen har det vore ville tilstander døgnet rundt og dei siste dagane vart det berre verre og verre og verre, me fekk beskjed om å ikkje gå ned i byn grunna unormalt mange berusa menneske (inkl. Taxi-sjåfører), vannballonger, skum osv.. Det kan kanskje høyres litt spesielt ut at det var masse vannballonger og skum, men dei tidlegaste dagane i Carneval då me var nede vart me dynka med harde slag av vannballonger (førte faktisk til blåmerker!!), skum i øyrer og auger og vannpistolar hit og dit, uansett kor man gikk var det eit eller anna i vente! Men kanskje me skal ta det som eit komplement at me vart så våte, det vart sagt at når ein gut hiv på ei jente er det for å vise ho kjærleik og lukke, dersom jenta tek imot ballen og hiv den tilbake svarer ho ja til guten.. så når folk kjem å sprekk ein vannballong over hovudet eller nedi nakken så  burde eg vel gjerne berre smile i staden for å hive tilbake og rette fingen? ☺  Foruten dette med vatn drikk mennene seg så usannselig fulle, me køyrde ned i byn på søndag i håp om at Carneval ikkje var på sitt verste endå, men då me køyrde gjennom paradane gjekk folk att og fram i vegane, NULL kontroll, augene var bak i nakken og visst dei plutselig kom litt te sansane og fann ut dei faktisk måtte spele på trompeten sin midt i paradetorget, vel, det verken såg eller høyrdes bra ut!!!
Men fulle folk og vatn er berre ein del av Carneval, stemninga i byen har heile tida vore høg, det er alltid musikk som  vert spelt, folk går i parader, kler seg ut og speler og syng. Det var veldig kjekt å sjå på! ☺

Våre kjære spansk- og quechua-lærarar har vore utrulege med oss siden me kom, vist oss rundt i byn, tatt oss med på carneval for å sjå paradane, forklart oss korleis byen fungerer, kva som er her osv, og sist men ikkje minst inviterte de oss til heimen sin for at me skulle få sjå det tradisjonelle inka-ritualet chailla. Mora til Tatiana (min spansklærer) viste oss og forklarte heile img_0422serimonien, etter urter og ”åndene” er lagt på kullet, les dei ut av korleis åndene ligg(dei kvite bitane) og korleis røyken formar seg, fargen på den osv korleis framtida blir. F.eks var det eit tomrom over kullet uten urter osv, dette viste at ein av oss som var med i serimonien hadde et uhell/sorg/ondhet i vente, ofte var det dødsfall/sykdom som ville være dette uhellet. Men man velger jo sjølv ka man vil tru på, dette er andinsk tru/gammel indisk tru så for oss vestlige er det jo gjerne ikkje heilt holdbart å lese ut av nokre urter korleis framtida skal bli! Men det var veldig intressant å sjå og være med på serimonien uansett.
Mandag begynte spanskundervisninga, Martine, Ingeborg og eg er på ”avansert”-gruppa, men om det var den heilt rette gruppa var vel både me som elever og læraren usikre på, jammen hadde me glømt stort sett alt av grammatikken, men skit au, me får berre arbeide hardt og repetere alt ! ☺
Som eg nevnte, så er det svært mykje alkohol inne i bildet, det gjeld stort sett alle menn – også alle som kjører bil (taxisjåfører til og med!!!) Dermed nytter politiet disse dagane til å tene seg gode penger, masse penger. Dei har masse promillekontroller, med promillemåler? Neida, her har dei to tester for å sjekke om folk har drukket alkohol.
#1: Len deg ut vinduet, sjå politimannen i augene og sei svært tydeleg ”FARFAN” med tydelig ”F”, består du denne testen og ikkje lukter alkhol på du gjennom test #2: Gå ut av bilen, stå beint med armene ut til sida og lag et fire-tal med beina. Består du begge kan du køyre videre, består du ikkje ein av testene ber politimannen deg at du må vise din ”kjærlighet” til han, enten ved å gi 20bolivianos (ca 16kr) eller på ein anna måte…… tilbyr du mindre enn 20bolivianos tek politimannen dette som ein fornærmelse og ringer gjerne forsterkningar eller auker ”bota” til høgare summer. Korrupsjon er et nøkkelord her. F.eks visst ein politimann føler han har tent seg nok penger på ein dag, men likevel ser ei trafikkulykke gidder ikkje han nødvendigvis sjekke korleis det står til med de involverte i ulykka, men snur den andre kjaken til og går sin veg, for der er det ikkje noko penger å tene. LATSKAP!

Kort oversikt over ka prisene ligg på her i Bolivia:
1bolivianos = ca 70øre.
Taxi inn i byn (opp til 5km) = mellom 5-15 BOL.
Flaske vatn/brus/juice = 5 BOL.
Sim-Kort med penger på konto = 10 BOL.
biffmiddag = 28 BOL.
hamburger m/pommes = 22 BOL.
Full middag med dessert = Ca 50 BOL.
Flaske champagne = 50 BOL.
1øl = 3,50 bolivianos.
1Mugge med øl = 30 BOL.
drinker = 10 BOL
20-pakning sigaretter = 10 BOL (kartong = 63BOL.)

Med andre ord; det meste av de tingene me kjøper mest ligg gjennomsnittlig på under 20kr, så pengar trur og håper eg ikkje skal bli noko problem på turen! ☺


Handlingar

Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s




Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.