hompetitten hompetatten hompetittenteia!

17 03 2009

Ja så var det denne turen ut på byen eg skulle då, kvelden starta med å spy på restauranten, etterfølgande av diare og slik fortsatte natta, så kvelden vart ung for meg dessverre, og utelivet i La Paz er ei erfaring eg framleis mangler. Etter ei ganske så søvnlaus natt og over eit døgn uten ein matbit måtte eg ty te drittprøve…bokstaveleg talt… så nokre stakkarar fekk analysera den på sjukehuset i La Paz, der det då viste seg at eg hadde fått ekoli! Tjohei! Men var heldigvis berre dårlig i magen nokre dagar og ellers har det gått kjempefint både før og etter den helga! ☺
Mykje har skjedd siden La Paz! Rett og slett ein rundtur i Bolivia har skjedd!
På mandags morgon reiste me tidleg av gårde til landsbygda Kilima med ein svært hyggelig mann frå det området som heiter Calixto. Kilima er ei landsbygd som tidlegare ikkje har hatt besøk av ”kvite”, og både innbyggjarane og me var spente på eit ekta interkulturelt møte. Då me kom vart me møtt med ein voldsom velkomst, med fløyte-musikk, blomsterblad dryssande over hovuda, blomsterdekorasjonar tradisjonelt knytt på ryggen, og dans innover i landsbygda. På nesten 4000m blir det fort gaaaanske så slitsomt å dansa bortover nokre kilometer, så me følte oss ikkje heilt i toppform i starten! Etter mange timar med detta pågåande, og sjølvsagt håndhelsing og klemmar med alle innbyggarane,  var det tid for mat, ein ganske så ny form for servering. Ein lang løpar vart lagt ut på bakken, 4kvinner kom med kvarsine tøyposar og helte mat nedover på løparen. Frosne poteter, ferske poteter, kylling, Kinoabrød, Kinoafrød, bønner (ein god del hundehår og diverse knask var også inkludert,..sjølvsagt uten betydning og meining?? )gudane må vite kva me faktisk åt der og då, men av rein høflighet så takker man ikkje nei i sånne møte.. Ein del prating, tolking, musikk, turgåing, presentasjon og andinske ritual var ting me fekk sjå, før det vart sein kveld og me var klare for ”senga”; rismadrasser på gulvet, lakenpose, saueskinn, pledd og 20personar trykt saman i eit rom. Minikomfirmantleir-flashback! Men koselig var det! Neste dag fekk me frukost beståande av popcorn, flatbrød og coca-te, båttur på titicacasjøen (eg rodde så eg fekk gangsperr i armen!!!!!) før turen bar vidare til Isla Del Sol (soløya) midt på Titicacasjøen på grensa til Peru.
Soløya var fantastisk, etter ein halvtimes gåtur opp ei laaaaang li (heldigvis tok esel bagasjen vår opp) kom me fram til eit nyyydelig hotell uten varmtvatn og med diverse edderkoppar på nokre jenter sine rom. Til tross for det, så var hostelet ironisk nok fantaaastisk fint! Tur opp på utsiktspunkt så me såg til Peru, båtturar og nokre utepils måtte til før me alle var soveklare rundt kl 9 etter lite soving og mange nye inntrykk i Kilima..sånn kan det gå!
Etter Isla Del Sol tok me båt til Copacabana (sing the song!!). Ein fantastisk fin liten landsby som kunne by bå ein nydelig solnedgang, inkaruiner, fin kyrkja og flotte fjell!
Så mykje på farten som me er tok me buss til la paz neste dag, nokre av oss fann ut at me ikkje kunne gå glipp av saltsjøen og bestemte oss for å ta nattbussen til Uyuni. Etter ein 12timars rally-busstur var me endeleg framme på hostellet. Ein FANTASTISK frukost med egg, fersk juice og brød venta oss og turen bar ut til  Salar de Uyuni. Me besøkte ein gravplass for tog (togene var veldig kjekke å klatre på), ein liten landsby på ca 25 familiar der dei brukte saltet til ulik produksjon. Det var masse fine souvenirer laga i salt, kjempestilig! MEN NOKEN HAR KNUST!!!(sorry til de eg egentlig hadde kjøpt gåve til ;-) )
Saltsjøen var fantastisk! Med øyer som plutselig ploppa opp, kaktusar jepp køyrande kilometervis uten anna enn salt omkring, når eg tenke meg om kan det samanliknast med hardangerviddo på ein solrik vinterdag (for å leika litt poetisk) men for dei som kjenne til det, saltsjøen var vakkert!plassen var laga for å ta stilige bilde! ☺
Ikkje fordi at me ikkje har hatt det kjekt, men ENDELEG var turen tilbake til Sucre komen og etter ca 9timars buss og taxi-køyring var me framme på hotellet att. Etter mange dagar med kun ris, poteter og kylling/kjøtt/fisk var det ganske så godt å få regelrett sluka ein sterk, salt, god pizza på restaurant Napoli og ein kjempekveld og lang natt på byn i Sucre: ”heimen vår”.
Tida for feltarbeid e begynt og i dag skal eg ha mitt fyrste intervju med ei kvinne som har våre kunde i Pro-Mujer som er ein mikrokreditt-organisasjon her i Sucre. For dei som intresserer seg skal eg skrive oppgåve om dette. Problemstillinga mi ser foreløbig slik ut;
Kor vidt kan mikrofinansiering fungere som mogleg reiskap for fattigdomsreduksjon og langsiktig utvikling i framtidige generasjoner for kunder i Pro Mujer, Sucre – Bolivia.
Problemstillinga er vid og kjem nok til å justerast på men det er noko eg intresserer meg utruleg mykje for, noko eg meinar er ein av dei beste bistandsmetodane som finst og eg gler meg utruleg til å gå djupare inn i emnet, møte forskjellige mennesker eg skal intervjue og for å lære mykje! ☺

No har de fått ei lang men ganske så kortfatta oppdatering på siste veka mi, til tross for alt det utruleg kjekka eg har opplevd, sett og hørt! Mange inntrykk å absorbera og sortera, men ikkje gløym, eg har framleis litt tankeplass til dykk som sit heima i Noreg endå, og eg tenker på deko ofte! ☺





Avføring på avveie, skumle gruver, Lange bussturer og imodium.

7 03 2009

img_0747Ein ”Morsom” ting skjedde i sucre nest siste dag før me reiste videre. Ingeborg som er med oss som ”helseleder/sjukepleier” vart rana på gata, tjuvane fekk med seg veska hennar der det låg kamera, visa, ca 500kr og ikkje minst; avføringsprøver til 4jenter som har vore sjuke (bla har ei fått ekoli og mest sansynlegvis fleire det samme.) men uansett, for ein fantastisk overraskelse det må ha vore for tjuvane å åpne ”kuppet” sitt og sjå rett opp i gjennomsiktige plastbegre med avføring oppi, haha..heldigvis klarte óg ingeborg å sjå humoren i det, heldigvis var det ikkje speglrefleksen hennar som vart mista ☺

img_0811Etter sucre tok me altså turen til Potosi, ein liten by nord for sucre. Her var me i ein dag
som bla inneholdt tur til penge-img_0810museumet,(casa de monetas) der de produserte penger i
gamle dagar til store deler av verden. Potosi var før ein av verdas største, mest produktive byer, noko man ikkje skulle tru den dag i dag. Samme dag reiste me til gruvene, noko som skulle bli ein tur med blanda følelsar. For det fyrste byrja det å regne, også ned i gruvene, der det då altså blir mykje gjørme. Fyrst måtte me klatre ned ein bratt, bratt stige, der eg allerede begynte å kjenne at eg nesten måtte hyperventilere. Etter å ha snakket litt med ho som leda oss ned i gruvene fann eg ut at eg måtte berre gå vidare nedover for å oppleve ”el tio”, som er ein av jordas/fjellets guder som gruvearbeidarane ofrer til for å be om å unngå skader, ulykker, lykke i året som kommer osv. Uansett så kom eg meg ned dit og endå litt til, det var uuuutruleg spanande, sjølv om det var sleipt, bekmørkt og trangt, e det noko eg ikkje angrer på så er det at eg gjekk ned i gruvene! det som er ganske morsomt er at det er vanlig å kjøpe gåver til gruvearbeidarane som arbeider der, f.eks coca-blader/coca-røyk og 96%sprit var vanleg, dette kjøpte då eg, men i tillegg til dette kunne man kjøpe litt dynamitt til dei, noko som egentlig er ulovleg sjølvsagt, men som alle i bolivia seier “næsj, ka er reglane til for?”, dermed var det ingen problem å springe på ein liten kiosk å kjøpe oss nokre tennhetter, ledningar, dynamitt osv. Morro :-D

img_0834

Etter ein travel dag var mange dårlige i magen grunna høgdesjuke, som i tillegg bærer med seg hovudverk osv..dermed var me ein del som var lite forberedt på ein 12timars busstur til La Paz, for å sei det enkelt og greitt; ære være imodium. Det redda turen for dei fleste og kl 7 neste morgon, etter å ha setta Titanic, sjølvsagt dubba til spansk og mykje søvn var me trygt framme i La Paz, på misjonsalliansens Casa Alianza. Dagane har gått som det suser her med eit travelt opplegg, dagane går stortsett i frå 7-8 om morgonen med undervisning/ekskursjoner/omvisning fram til kl 4 om ettermiddagen, etter dette har me gått på markedene og shoppa…( DER rauk budsjettet mitt for turen!) dagane er utruleg lange og me er som regel ikkje heima att før i 10tida, men det er verdt det, la paz er ein fin by! :-) Me har vore rundt byen og, både til El Alto og tiwanaca, som ikkje ligg så langt frå titicaca-sjøen der me skal reise på måndag. Me har vore på misjonsalliansen sine prosjekt, bla skule og helsesenter (kjempeflott arbeid!!!) og i tiwanaca var me å såg på pre-inka-ruiner som ikkje var fullt så spennande sjølv om det var jo litt intressant då! ☺ I kveld skal me ut på byn i La Paz, på karaoke av alle ting, fridag i morgo der me rekner med litt bassengmorro og soling og klargjering for å ut i bushen for å besøke nokre folk der som aldri før har hatt besøk av utlendningar, det kan jo bli spanande. Me skal bla sove i ei kyrkje, sjå diverse fester og ritualer de har og vera uten elektrisitet og vatn ei stund..som sagt..spanande!!!

img_0764





Pakke opp, Pakke ned – første del i Sucre er over!

2 03 2009

Då var tida med spanskundervisning, varme og solbrenthet (2.grads forbrenning for nokre !) over for denne gong. Turen går vidare til gruvebyen Potosi. Siden me kom forrige fredag har me hatt det utruleg kjekt her i Sucre som mange sikkert har forstått! ☺ Dei siste nyhende er mange og kjekke, me har alle blitt meir og meir kjent med spansklærarane våre, laga tradisjonell mat med dei (skal gje dykk oppskrifta, kjempegodt!!!), vore ute på byn nokre turar og TIL OG MED vore på heildags ridetur, ja mor, kan du tenka deg? EG har ridd på hest i 8timar, eg som ikkje eingong tør å ta i hestane på Frøynes har blitt glad i hestar i løpet av ein dag, forbered dykk på der på toppen av Lofthus, eg kjem te å koma jevnleg på besøk for å besøka hestane der heretter. !

Kl 10 søndags morgon forlot me byen, utstyrt med solfaktor 30, caps og vatn. Det tok si tid før eg tørte å i det heile tatt ta på hesten, og ikkje minst når eg sette meg oppå ville jo ikkje hesten- Emilia høyre på ka eg ville ha ho te å gjera.. e jo ikkje så rart, eg heiv sikkert t

øylene i hytt og pine uten mål og meining, men etterkvart vart me kjempegode venner både gjekk, trava og galopperte littegranne og eg stooorkoste meg! Dagen var kjempeflott, solrik, varm og endestasjonen var eit av dei sju fossefalla Sucre har å skryte av, men ærleg talt, det kan ikkje samanliknast med verken søtefossen, tveitafossen elle nyastølsfossen (Heia Kinsarvik), kan heller samanliknast med bekken som går over stien på veg opp te Nykkjesøy! ☺ men det var no fint vær, me koste oss og eg e klar for nokre dagar der det ikkje er så behageleg å
verken gå, sitte eller ligge på rygg…(Vond sal, auuuu…)

img_0701

img_0708

img_0697Ellers så var me ute på byn ein tur på fredag, me hadde det kjekt på det som no er blitt vår stampub i sucre – JoyRide, er blitt kjent med mange av de ansatte og får ein kjempevelkomst og avskjed når me er der, blir ikkje hyggeligare! Smaking av lokalt øl og tygging av coca-blader er sjølvsagt obligatorisk når man er i Bolivia, men det skal bli sagt at Coca-blader har absolutt ingenting med effekten av kokain å gjere (det skal gjennom ein laaaang prosess før de når dette stadiet) , bladene kan samanliknast med kaffi-bønner effektmessig. Man får meir energi og det hjelper bla mot hodepine, høgdesjuke og mange andre ting. Det smaker rett og slett gras, man legg det bak i kjeven og tygg på det og legg det deretter omtrent som snus baki kjaken. Innimellom mens man fyller på med blader blander man inn litt brusepulver og så man skal få mest mulig saft ut av bladene. Dette går dei fleste menn å tygg på og man får alt mogleg frå Coca-te til Coca-sprit til Coca-krem her. Ja, coca kan brukes til så mangt.

img_1967

Ikkje berre det, me har også nokre ekte heltinner iblant oss her, på fredag før me skulle ut å ete lunsj, fann me plutseleg ein svært så forvirra hund inne på hotellområdet, han var vettskremt, kald og skalv som eit ospelauv, ikkje berre det, han kunne heller ikkje sjå tydeligvis. Dyrebeskyttelses-siden i Hanne, Mari og Helene kom straks tydeleg fram. Etter mykje offing og klynking over den stakkarslige hunden, fekk dei den kjørt til ein veterinær, der det vart funnet ut at hunden berre var ekstremt svolten og sjuk av forkjølelse, så forkjølt at ansiktet hadde hovnet så opp at augene ikkje var mogleg å åpne, jentene betalte gladeleg medisin og cimg0727opphold for hunden – heile 130kr og var nokre ekta godhjerta samaritanere for ein dag. Dei held seg framleis oppdatert på korleis det går med hunden og viser til stadighet sin barmhjertighet når dei ser alle hundene som går å vimser rundt i Sucres gater. Flott gjort jenter!

Men no forlet me den forhåpentligvis friske hunden og sucre, fjellsekken e pakka igjen og me tek turen vidare til Potosi, deretter til La paz, deretter returnerer me tilbake til Sucre for å få gjort det me faktisk e her for; feltarbeid, noko eg gler meg utruleg mykje til og
har alleredefunnet nokre intervjuobjekt, men bør nok byrja å lesa på litteraturen til oppgåva. Men for å bruke eit litt latin-amerikansk motto; Mañana, Mañana.. Eg har nokre spennande veker i møte!

HASTA LUEGO!








Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.