Då var tida med spanskundervisning, varme og solbrenthet (2.grads forbrenning for nokre !) over for denne gong. Turen går vidare til gruvebyen Potosi. Siden me kom forrige fredag har me hatt det utruleg kjekt her i Sucre som mange sikkert har forstått! ☺ Dei siste nyhende er mange og kjekke, me har alle blitt meir og meir kjent med spansklærarane våre, laga tradisjonell mat med dei (skal gje dykk oppskrifta, kjempegodt!!!), vore ute på byn nokre turar og TIL OG MED vore på heildags ridetur, ja mor, kan du tenka deg? EG har ridd på hest i 8timar, eg som ikkje eingong tør å ta i hestane på Frøynes har blitt glad i hestar i løpet av ein dag, forbered dykk på der på toppen av Lofthus, eg kjem te å koma jevnleg på besøk for å besøka hestane der heretter. !
Kl 10 søndags morgon forlot me byen, utstyrt med solfaktor 30, caps og vatn. Det tok si tid før eg tørte å i det heile tatt ta på hesten, og ikkje minst når eg sette meg oppå ville jo ikkje hesten- Emilia høyre på ka eg ville ha ho te å gjera.. e jo ikkje så rart, eg heiv sikkert t
øylene i hytt og pine uten mål og meining, men etterkvart vart me kjempegode venner både gjekk, trava og galopperte littegranne og eg stooorkoste meg! Dagen var kjempeflott, solrik, varm og endestasjonen var eit av dei sju fossefalla Sucre har å skryte av, men ærleg talt, det kan ikkje samanliknast med verken søtefossen, tveitafossen elle nyastølsfossen (Heia Kinsarvik), kan heller samanliknast med bekken som går over stien på veg opp te Nykkjesøy! ☺ men det var no fint vær, me koste oss og eg e klar for nokre dagar der det ikkje er så behageleg å
verken gå, sitte eller ligge på rygg…(Vond sal, auuuu…)


Ellers så var me ute på byn ein tur på fredag, me hadde det kjekt på det som no er blitt vår stampub i sucre – JoyRide, er blitt kjent med mange av de ansatte og får ein kjempevelkomst og avskjed når me er der, blir ikkje hyggeligare! Smaking av lokalt øl og tygging av coca-blader er sjølvsagt obligatorisk når man er i Bolivia, men det skal bli sagt at Coca-blader har absolutt ingenting med effekten av kokain å gjere (det skal gjennom ein laaaang prosess før de når dette stadiet) , bladene kan samanliknast med kaffi-bønner effektmessig. Man får meir energi og det hjelper bla mot hodepine, høgdesjuke og mange andre ting. Det smaker rett og slett gras, man legg det bak i kjeven og tygg på det og legg det deretter omtrent som snus baki kjaken. Innimellom mens man fyller på med blader blander man inn litt brusepulver og så man skal få mest mulig saft ut av bladene. Dette går dei fleste menn å tygg på og man får alt mogleg frå Coca-te til Coca-sprit til Coca-krem her. Ja, coca kan brukes til så mangt.

Ikkje berre det, me har også nokre ekte heltinner iblant oss her, på fredag før me skulle ut å ete lunsj, fann me plutseleg ein svært så forvirra hund inne på hotellområdet, han var vettskremt, kald og skalv som eit ospelauv, ikkje berre det, han kunne heller ikkje sjå tydeligvis. Dyrebeskyttelses-siden i Hanne, Mari og Helene kom straks tydeleg fram. Etter mykje offing og klynking over den stakkarslige hunden, fekk dei den kjørt til ein veterinær, der det vart funnet ut at hunden berre var ekstremt svolten og sjuk av forkjølelse, så forkjølt at ansiktet hadde hovnet så opp at augene ikkje var mogleg å åpne, jentene betalte gladeleg medisin og
opphold for hunden – heile 130kr og var nokre ekta godhjerta samaritanere for ein dag. Dei held seg framleis oppdatert på korleis det går med hunden og viser til stadighet sin barmhjertighet når dei ser alle hundene som går å vimser rundt i Sucres gater. Flott gjort jenter!
Men no forlet me den forhåpentligvis friske hunden og sucre, fjellsekken e pakka igjen og me tek turen vidare til Potosi, deretter til La paz, deretter returnerer me tilbake til Sucre for å få gjort det me faktisk e her for; feltarbeid, noko eg gler meg utruleg mykje til og
har alleredefunnet nokre intervjuobjekt, men bør nok byrja å lesa på litteraturen til oppgåva. Men for å bruke eit litt latin-amerikansk motto; Mañana, Mañana.. Eg har nokre spennande veker i møte!
HASTA LUEGO!