Ein ”Morsom” ting skjedde i sucre nest siste dag før me reiste videre. Ingeborg som er med oss som ”helseleder/sjukepleier” vart rana på gata, tjuvane fekk med seg veska hennar der det låg kamera, visa, ca 500kr og ikkje minst; avføringsprøver til 4jenter som har vore sjuke (bla har ei fått ekoli og mest sansynlegvis fleire det samme.) men uansett, for ein fantastisk overraskelse det må ha vore for tjuvane å åpne ”kuppet” sitt og sjå rett opp i gjennomsiktige plastbegre med avføring oppi, haha..heldigvis klarte óg ingeborg å sjå humoren i det, heldigvis var det ikkje speglrefleksen hennar som vart mista ☺
Etter sucre tok me altså turen til Potosi, ein liten by nord for sucre. Her var me i ein dag
som bla inneholdt tur til penge-
museumet,(casa de monetas) der de produserte penger i
gamle dagar til store deler av verden. Potosi var før ein av verdas største, mest produktive byer, noko man ikkje skulle tru den dag i dag. Samme dag reiste me til gruvene, noko som skulle bli ein tur med blanda følelsar. For det fyrste byrja det å regne, også ned i gruvene, der det då altså blir mykje gjørme. Fyrst måtte me klatre ned ein bratt, bratt stige, der eg allerede begynte å kjenne at eg nesten måtte hyperventilere. Etter å ha snakket litt med ho som leda oss ned i gruvene fann eg ut at eg måtte berre gå vidare nedover for å oppleve ”el tio”, som er ein av jordas/fjellets guder som gruvearbeidarane ofrer til for å be om å unngå skader, ulykker, lykke i året som kommer osv. Uansett så kom eg meg ned dit og endå litt til, det var uuuutruleg spanande, sjølv om det var sleipt, bekmørkt og trangt, e det noko eg ikkje angrer på så er det at eg gjekk ned i gruvene! det som er ganske morsomt er at det er vanlig å kjøpe gåver til gruvearbeidarane som arbeider der, f.eks coca-blader/coca-røyk og 96%sprit var vanleg, dette kjøpte då eg, men i tillegg til dette kunne man kjøpe litt dynamitt til dei, noko som egentlig er ulovleg sjølvsagt, men som alle i bolivia seier “næsj, ka er reglane til for?”, dermed var det ingen problem å springe på ein liten kiosk å kjøpe oss nokre tennhetter, ledningar, dynamitt osv. Morro

Etter ein travel dag var mange dårlige i magen grunna høgdesjuke, som i tillegg bærer med seg hovudverk osv..dermed var me ein del som var lite forberedt på ein 12timars busstur til La Paz, for å sei det enkelt og greitt; ære være imodium. Det redda turen for dei fleste og kl 7 neste morgon, etter å ha setta Titanic, sjølvsagt dubba til spansk og mykje søvn var me trygt framme i La Paz, på misjonsalliansens Casa Alianza. Dagane har gått som det suser her med eit travelt opplegg, dagane går stortsett i frå 7-8 om morgonen med undervisning/ekskursjoner/omvisning fram til kl 4 om ettermiddagen, etter dette har me gått på markedene og shoppa…( DER rauk budsjettet mitt for turen!) dagane er utruleg lange og me er som regel ikkje heima att før i 10tida, men det er verdt det, la paz er ein fin by!
Me har vore rundt byen og, både til El Alto og tiwanaca, som ikkje ligg så langt frå titicaca-sjøen der me skal reise på måndag. Me har vore på misjonsalliansen sine prosjekt, bla skule og helsesenter (kjempeflott arbeid!!!) og i tiwanaca var me å såg på pre-inka-ruiner som ikkje var fullt så spennande sjølv om det var jo litt intressant då! ☺ I kveld skal me ut på byn i La Paz, på karaoke av alle ting, fridag i morgo der me rekner med litt bassengmorro og soling og klargjering for å ut i bushen for å besøke nokre folk der som aldri før har hatt besøk av utlendningar, det kan jo bli spanande. Me skal bla sove i ei kyrkje, sjå diverse fester og ritualer de har og vera uten elektrisitet og vatn ei stund..som sagt..spanande!!!
