hompetitten hompetatten hompetittenteia!

17 03 2009

Ja så var det denne turen ut på byen eg skulle då, kvelden starta med å spy på restauranten, etterfølgande av diare og slik fortsatte natta, så kvelden vart ung for meg dessverre, og utelivet i La Paz er ei erfaring eg framleis mangler. Etter ei ganske så søvnlaus natt og over eit døgn uten ein matbit måtte eg ty te drittprøve…bokstaveleg talt… så nokre stakkarar fekk analysera den på sjukehuset i La Paz, der det då viste seg at eg hadde fått ekoli! Tjohei! Men var heldigvis berre dårlig i magen nokre dagar og ellers har det gått kjempefint både før og etter den helga! ☺
Mykje har skjedd siden La Paz! Rett og slett ein rundtur i Bolivia har skjedd!
På mandags morgon reiste me tidleg av gårde til landsbygda Kilima med ein svært hyggelig mann frå det området som heiter Calixto. Kilima er ei landsbygd som tidlegare ikkje har hatt besøk av ”kvite”, og både innbyggjarane og me var spente på eit ekta interkulturelt møte. Då me kom vart me møtt med ein voldsom velkomst, med fløyte-musikk, blomsterblad dryssande over hovuda, blomsterdekorasjonar tradisjonelt knytt på ryggen, og dans innover i landsbygda. På nesten 4000m blir det fort gaaaanske så slitsomt å dansa bortover nokre kilometer, så me følte oss ikkje heilt i toppform i starten! Etter mange timar med detta pågåande, og sjølvsagt håndhelsing og klemmar med alle innbyggarane,  var det tid for mat, ein ganske så ny form for servering. Ein lang løpar vart lagt ut på bakken, 4kvinner kom med kvarsine tøyposar og helte mat nedover på løparen. Frosne poteter, ferske poteter, kylling, Kinoabrød, Kinoafrød, bønner (ein god del hundehår og diverse knask var også inkludert,..sjølvsagt uten betydning og meining?? )gudane må vite kva me faktisk åt der og då, men av rein høflighet så takker man ikkje nei i sånne møte.. Ein del prating, tolking, musikk, turgåing, presentasjon og andinske ritual var ting me fekk sjå, før det vart sein kveld og me var klare for ”senga”; rismadrasser på gulvet, lakenpose, saueskinn, pledd og 20personar trykt saman i eit rom. Minikomfirmantleir-flashback! Men koselig var det! Neste dag fekk me frukost beståande av popcorn, flatbrød og coca-te, båttur på titicacasjøen (eg rodde så eg fekk gangsperr i armen!!!!!) før turen bar vidare til Isla Del Sol (soløya) midt på Titicacasjøen på grensa til Peru.
Soløya var fantastisk, etter ein halvtimes gåtur opp ei laaaaang li (heldigvis tok esel bagasjen vår opp) kom me fram til eit nyyydelig hotell uten varmtvatn og med diverse edderkoppar på nokre jenter sine rom. Til tross for det, så var hostelet ironisk nok fantaaastisk fint! Tur opp på utsiktspunkt så me såg til Peru, båtturar og nokre utepils måtte til før me alle var soveklare rundt kl 9 etter lite soving og mange nye inntrykk i Kilima..sånn kan det gå!
Etter Isla Del Sol tok me båt til Copacabana (sing the song!!). Ein fantastisk fin liten landsby som kunne by bå ein nydelig solnedgang, inkaruiner, fin kyrkja og flotte fjell!
Så mykje på farten som me er tok me buss til la paz neste dag, nokre av oss fann ut at me ikkje kunne gå glipp av saltsjøen og bestemte oss for å ta nattbussen til Uyuni. Etter ein 12timars rally-busstur var me endeleg framme på hostellet. Ein FANTASTISK frukost med egg, fersk juice og brød venta oss og turen bar ut til  Salar de Uyuni. Me besøkte ein gravplass for tog (togene var veldig kjekke å klatre på), ein liten landsby på ca 25 familiar der dei brukte saltet til ulik produksjon. Det var masse fine souvenirer laga i salt, kjempestilig! MEN NOKEN HAR KNUST!!!(sorry til de eg egentlig hadde kjøpt gåve til ;-) )
Saltsjøen var fantastisk! Med øyer som plutselig ploppa opp, kaktusar jepp køyrande kilometervis uten anna enn salt omkring, når eg tenke meg om kan det samanliknast med hardangerviddo på ein solrik vinterdag (for å leika litt poetisk) men for dei som kjenne til det, saltsjøen var vakkert!plassen var laga for å ta stilige bilde! ☺
Ikkje fordi at me ikkje har hatt det kjekt, men ENDELEG var turen tilbake til Sucre komen og etter ca 9timars buss og taxi-køyring var me framme på hotellet att. Etter mange dagar med kun ris, poteter og kylling/kjøtt/fisk var det ganske så godt å få regelrett sluka ein sterk, salt, god pizza på restaurant Napoli og ein kjempekveld og lang natt på byn i Sucre: ”heimen vår”.
Tida for feltarbeid e begynt og i dag skal eg ha mitt fyrste intervju med ei kvinne som har våre kunde i Pro-Mujer som er ein mikrokreditt-organisasjon her i Sucre. For dei som intresserer seg skal eg skrive oppgåve om dette. Problemstillinga mi ser foreløbig slik ut;
Kor vidt kan mikrofinansiering fungere som mogleg reiskap for fattigdomsreduksjon og langsiktig utvikling i framtidige generasjoner for kunder i Pro Mujer, Sucre – Bolivia.
Problemstillinga er vid og kjem nok til å justerast på men det er noko eg intresserer meg utruleg mykje for, noko eg meinar er ein av dei beste bistandsmetodane som finst og eg gler meg utruleg til å gå djupare inn i emnet, møte forskjellige mennesker eg skal intervjue og for å lære mykje! ☺

No har de fått ei lang men ganske så kortfatta oppdatering på siste veka mi, til tross for alt det utruleg kjekka eg har opplevd, sett og hørt! Mange inntrykk å absorbera og sortera, men ikkje gløym, eg har framleis litt tankeplass til dykk som sit heima i Noreg endå, og eg tenker på deko ofte! ☺


Handlingar

Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s




Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.